onsdag 4. mars 2009

Sunnifiser meg!

Det har kanskje noko med VIP besøke frå dei PPT folkå å gjere, men eg trur eg har blitt galen. Eg har nemlig avlagt eit dyrt og hellig løfte om at eg skal bli sunnare. Kall det gjerne eit nyttårforsett. Det byrjar no, og går ut mars. Meir vågar eg ikkje prøve på. 

Løfte har følgande reglar: 

1. Eg kan ikkje spise noko som har sukker som enten hoved eller sekundær ingrediens. 
    - Dette betyr i korte trekk at viss det står sukker først eller ant på ingrediense lista, kan eg ikkje ete det. 

2. Eg kan ikkje drikke noko som har sukker som enten hoved eller sekundær ingrediens. 
  - Samme prinsipp som regel 1. Men dette utelukker (uheldigvis) all god drikke. 

3. Ingen kiwi besøk. 
  - Eg kan motstå alt, unntatt fristelsar. Difor held eg meg longt vekke frå Kiwi

4. Eg skal ta minst ein tur til aulaen kvar dag. 
  - Dette har ikkje noko med sunnheit å gjere, men det at eg må bli mer sosial. Me byrjar forsiktig. 

Ellers er det ein ny gjeste-artikkelforfattar i anmarsj, viss han klarar å overbevise. Me får sjå og dykk, leserane får bestemme om han får bli. 

- Haukji  

NB! Hugs det eg averterar for på msn! 

3 kommentarer:

  1. EG SÅG DEG KOMMA TEBAKE FRA KIWI ME EIN POSE (ROSIN)BOLLÅR... SKAMME SEG!

    SvarSlett
  2. Mr. Røys, viss du lese innholdet på Rosinbollepakken vil du finna ut at sukker ikkje nevnes før plass nr 5 eller 6.

    SvarSlett