fredag 20. mars 2009

Vekeoppsummering!

Jauda, itte ei litt lat veka, me berre tri innlegg, kom maakeskjit igjen med ei knakanes go vekeoppsummering i det som har vore ei rimelig sjef veke! 

Maakeskjits Topp 3 skjit-øyeblikk for veke 12

3. ???

Denne veka har vore så bra at her kjem vi faktisk ikkje på noko.

Det seier litt.  

2. Gunnar Sønsteby, bare for 3 klasse. 

Alle har sett Max Manus. Alle vett kven Gunnar "kjakan" Sønsteby er. Alle konne tenkt seg at vere på eit foredrag med ham. Så når me høyrar at han kjem til skeisvang blir me begeistra. 

Før det visar seg at berre 3. klasse får kome på foredraget. 

Heldigvis fekk klasseavisa Røysta eit intervju med mannen sjølv og han viste seg å være ein livsglad og hyggeleg person. 


1.  Neste veke 

Norsk heilag. Naturfag 2 kapittelsprøve. Matte 3timars prøve. La oss innsjå det folkens, neste veke blir nokså jævlig. Det er berre å spisse blyantane og begynne å pugge. 





Brr brr, etter den litle kraftsalva er det jaggu på tide me noko raffe greier å kunne kose seg med igjen. 

Difor er det på tide med 

Maakeskjit Topp 3 Raffe øyeblikk for veke 12 

3. Språklererane va vekke!
Positivt? det kan diskuterast, men det var egentlig litt greit med nokon rolige språktimar. Me i fransken har sitt to filmar i mellomtida, og det har vore relativt behageleg. 
 
Noko som kan gjere det enda betre er at franskmenn no har byrja streika, noko som kan hindre at franskklassen kjem him til avtalt tid. 

Hahahahahaha. 

2. Flasketuten peikar på! 

Som beskreve i eit tidligare innlegg, detta va sjeft. Aller sjefast var det da Sauen sang "Hvem kan segla för utan vind?" til Mr. Geografi. Ho sang faktisk rimelig greitt og, ingenting å utsette på det.
Ho fekk godt med applaus og. 

Men det va ein ting som var raffare enn når Sauen sang til leraren. 

1. Når han svarte! 

"Jag kan segla för utan ... " Lenger kom han ikkje før mr. Geografi blei avbrutt av stormlatter og spredt applaus. 

Berre på skeisvang er lererane så sjefe at dei ikkje gir deg anmerkningar for sånt, men blir med på joke'en. Hatten er av.  

1 kommentar: